mandag 21. juli 2008

Del III av III

Representanten i Kamerun

Dei siste månadane har eg brukt mykje energi på innlegg eg aldri har lagt ut på bloggen. Å skulle halde bloggen oppdatert har i bunn og grunn vore meir ei tung bør enn ei sann glede sidan ankomst Noreg. Det har blitt mykje grubling og tankegangen har ikkje alltid vore så positiv. Motivasjonen for å halde bloggen sånn halvvegs i live har vore å prøve å glede deg som lesar, men sidan det framleis kjennest tungt ut å ha ein blogg å tenkje på vel eg dermed å avslutte den.

Sjølv om det siste året ikkje utelukkande har bestått av gode opplevingar (...) så har eg absolutt fått gode erfaringar som er greie å ha med seg vidare i livet. Det skal også seiast at humøret mitt har ei stigande formkurve og at eg ser fram til eit år på folkehøgskule no.

Takk for at du har vore med og vist interesse for bloggen. Det har eg verkeleg satt pris på!

Gud velsigne deg og livet ditt.